top of page
IMG_20200731_141852892.jpg

Arne Kirkhorn Rødvik

Audiofysikar, frilansmusikar

  • Liknedin
  • Twitter

Jobbar i det daglege som audiofysikar på Rikshospitalet, cochleaimplantat-eininga. Aktuelt prosjekt er design og pilottesting av ein app for Android og Apple, for testing av oppfatting av språklydar. Appen er utvikla av Junior Consulting  i Trondheim, og prosjektet er støtta av Stiftinga Dam, med HLF som prosjekteigar. 

Forskings-interesser

Høyrselsfeltet er ein miks av mange andre fagdisiplinar, slik som elektronikk, fysikk, akustikk, fonetikk, pedagogikk, medisin og mange andre. Eit samla namn på dette er "audiologi". Forsking innan audiologi vil derfor nesten alltid fokusere på eit breitt felt. 

​

Hovudfokuset for mine forskingsinteresser innan audiologi er forvekslingar av språklydar, og om korleis ulike typar høyrsel påverkar forvekslingane. Høyrsel med cochleaimplantat (CI) og høyrsel med høyreapparat (HA) kan gje veldig forskjellige forvekslingar. Forskjellige språk, som har forskjellige språklydar og setningsmelodiar (prosodiar), vil også kunne ha forskjellige forvekslingar. 

 

Andre forskingsinteresser innan høyrselsfeltet er :

  • øyresus (tinnitus) og korleis tinnitus blir påverka av lydstimulering med CI eller HA

  • retningshøyrsel med CI

  • eigenrapportering av høyrsel

  • taleoppfatting i støy, med enkeltord og setningar

  • samanhengen mellom høyrsel med CI og fonetisk kvalitet av språklydane

Kontakt-informasjon

Arnito Arne Rødvik

Org nr 980 705 900

D-U-N-S nr 515036890

OUS Rikshospitalet

Sognsvannsveien 20

0372 Oslo

+47 23070000

www.oslouniversitetssykehus.no

Epost: Bruk kontaktskjemaet til høgre på sida. 

  • LinkedIn
  • Twitter

Takk for innsendinga!

©2024 av Arne Kirkhorn Rødvik. Forsterka og sikra av Wix.

bottom of page