
Aktiv i banda som er lista opp under:
Aktuelle band-prosjekt
Luison y Cuba
Autentisk, tradisjonell kubansk musikk med vokalisten og congueroen Luison Medina Capote som frontfigur. For booking kan du følgje denne linken: https://www.facebook.com/luison.capote.
Jazzon
Repertoaret spenner frå latinjazz til dansbar salsamusikk. Sjekk https://www.gigplanet.no/controlpanel/artist-profiles/jazzon/ for meir informasjon om bandet og for booking.
Santeros
Tribute-band for den meksikanske gitaristen Carlos Santana, med gitaristen Carlos Steinmann som frontfigur. Carlos og tre andre av musikarane i bandet er frå Mexico. For meir informasjon om bandet, kan du gå inn på https://www.facebook.com/profile.php?id=100092194617889.
Fermin Fortis trio
Fermin Fortis er ein bassist og komponist frå Mexico, som har budd i Noreg i nokre år. Han har også ei karriere som popartist i heimlandet sitt. I hans trio, er det hovudvekt på ein fusjon av jazz og latin.
Cuatro amigos
Cuatro amigos er eit event-band med 4 musikarar frå Cuba, Chile og Noreg. Vi leverer dansbar latinmusikk for større og mindre arrangement.
Mel's
Backing-band for Elvis Tribute Artists (ETAs). Møtest stort sett ein gong i året for å akkompagnere dyktige artistar under Elvisfestivalen i Måløy i byrjinga av august. Sjekk ut https://elvisfestivalen.no/.
Safaa Al-Saadi group
Safaa Al-Saadi er ein komponist og multiinstrumentalist frå Irak, som har budd mange år i Noreg. Med denne gruppa framfører han eigne komposisjonar basert på iraksk tradisjonsmusikk saman med musikarar frå Irak, Kurdistan, Island og Noreg. Sjekk ut safaamusic.com for lydeksempel.
Vikvall
Vikvall er ei gruppe som spelar komposisjonar av gitaristen Øystein Valldal og keyboardisten Arne Kirkhorn Rødvik, med tekstar av Ingebjørg Skaug. Her er eit Youtube-klipp av ein song til støtte for Ukraina:
https://www.youtube.com/watch?v=twHRY4KKr1Q
​
Fleire lydeksempel vil bli lagt ut snart.
Ski storband
Ski storband er eit velrenommert storband med base i kommunen Nordre Follo utanfor Oslo. Vi øver på Kolbotn. Sjekk skistorband.no for informasjon om besetning og om tidlegare og komande prosjekt.